Meny
10.09.2022

Statens vegvesen tek i bruk intelligente brøytestikker på fire fjellovergangar

Statens vegvesen tek i bruk ny teknologi – brøytestikker med GPS – for å redusera kolonnetida og auka oppetida på Hardangervidda, Hemsedalsfjellet, Filefjell og Vikafjellet.


Brøytestikkene med innebygd GPS fungerer slik:

Når vi set ut brøytestikker om hausten loggar vi nøyaktig posisjon for kvar enkelt stikke frå begge sider av vegen. Gjennom ein eigen app på nettbrett har brøytebilsjåføren også i dårleg sikt oversikta over kvar brøytestikkene er, slik at han alltid kan plassera seg rett.

Kvart av dei maks 25 køyretøya i kolonnen får utdelt ei kolonnevakt, ei brikke på storleik med ein liten mobiltelefon. Brikkene har ein lysdiode som lyser grønt når avstand til bilen framfor er riktig, og raudt viss avstanden blir for stor. Også brøytebilsjåførane framst og bakerst i kolonnen får informasjon om avstanden mellom køyretøya.

Dette gjer kolonnane tryggare og meir effektive, og betyr at vi kan køyra fleire kolonnar på kortare tid enn i dag. Dette gir høgare oppetid på fjellovergangane, noko me jobbar kontinuerleg med å forbetra gjennom prosjektet Forutsigbart framkommelige fjelloverganger.

Statens vegvesen: – Vi er stolte

Svenn Egil Finden er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Vi er stolte over å kunna ta i bruk og testa ny teknologi på ein driftskontrakt som med fire høgfjellsovergangar er mellom dei tøffaste i landet. Dette set store krav til oss som vegeigar, som ser frem til godt samarbeid med entreprenør Presis Vegdrift og brøytestikke-produsent Roadtech for å utføra vårt samfunnsoppdrag som å syta for eit trygt og føreseieleg framkomeleg vegnett med høg oppetid, seier han.

Presis Vegdrift: – Vi gler oss

Eivind Iden er administrerande direktør i Presis Vegdrift AS.

– Vi er topp motiverte og gler oss til jobben med eit krevjande og spennande kontraktsområde. Vi skal utføra oppdraget med optimal tryggleik og høgast mogleg oppetid. Vi kjem i tillegg til å redusera CO2-avtrykket i vinterdrifta betydeleg ved å bruka nytt utstyr med langt lågare drivstoffforbruk enn eksisterande løysningar.

– Vi er kanskje den aktøren med mest erfaring frå fjellovergangar aust/vest, i tillegg til i Nord-Noreg, legg han til.

Dette er kontrakten

Kontraktsummen er 670 millionar pluss moms. Kontrakten omfattar 471 kilometer riksveg, pluss 78 kilometer gang- og sykkelveg, i eit stort og variert kontraktsområde:

¤ Riksveg 7 Haugastøl – Bu (inkluderer Hardangervidda)

¤ Riksveg 52 Storeskar - Borlaug (Hemsedalsfjellet)

¤ Riksveg 13 Skare (Kløvet) – Vangsnes (Vikafjellet)

¤ E16 Voss – Tyin (Filefjell)

¤ Riksveg 5 Håbakken - Fodnes

Mellom dei 45 tunnelane i kontraktsområdet er 24509 meter lange Lærdalstunnelen, verdas lengste vegtunnel. Totalt er det 103232 meter (103 km) tunnel i kontraktsområdet. Dette inkluderer også Gudvangatunnelen, som med sine 11428 meter er landets nest lengste oversjøiske vegtunnel.

Har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg

Kontrakten omfattar kommunar i dei tre fylka Vestland (Voss, Vik, Aurland, Lærdal, Eidfjord, Ullensvang og Ulvik), Viken (Hemsedal og Hol) og Innlandet (Vang).

– Statens vegvesen har tilsett fleire byggjeleiarar enn vanleg. I tillegg til ordinær byggjeleiar har vi valt å ta med også teknisk byggjeleiar for tunnel og teknisk byggjeleiar for høgfjell, ein kompetanse som er spesielt viktig i ein krevande vegkonrakt som dette, seier Finden.

I tillegg til mykje høgfjell og mange lange tunnelar, har kontrakt også enkelte punkt som kan vera skredutsette, mellom anna riksveg 13 over Vikafjellet.

Slik er dette ein grøn vegkontrakt

¤ Vegvesenet skal halvera utsleppet på våre prosjekt innan 2030. I kontrakten krev vi delvis utsleppsfrie eller nullutslepps køyretøy. Alle Statens vegvesens nye vegkontraktar krev miljøsertifisering.

¤ Vaskevatn brukt i tunnelreinhald skal samlast inn og takast prøvar av. Vi set strenge krav til prøvar frå kumtømming og gateoppsop for å sikra korrekt massedeponering.

¤ På Vikafjellet og Hardangervidda skal det normalt ikkje brukast salt i vinterdrifta, grunna sårbar natur. På dei Filefjell og Hemsedalsfjellet kan entreprenøren nytta salt under visse føresetnader for å oppnå godkjende føreforhold.

¤ For å vareta biologisk mangfald har vi valt å redusera kantklippen for delar av dei høgareliggande områda, og vi tilpassar tunnelreinhaldet til tidspunktet for utvandring av laksesmolt.

Fire kontraktar vert til éin

Kontrakten gjeld i fem år, frå 1. september 2022 til 31. august 2027, med moglegheit for forlenging i inntil tre år.

Regionreforma som vart innført 1. januar 2020, inneber at fylkeskommuane har ansvaret for drift av fylkesvegane. Den nye kontrakten gjeld derfor utelukkande riksvegar, og det er fire gamle kontraktar som heilt eller delvis er slegne saman til éin.

Gjennomsnittleg døgntrafikk i kontraktsområdet varierer frå 400 til 9.600. Det er dette som kallast årsdøgntrafikk (ÅDT). Høgast er talet på Voss, mellom Palmafossen og Brynagjelet.


« Tilbake

 CMS by Makeweb.no