Bodø prøvar ut verdas nordligste autonome buss
- Gjennom prosjektet «førerløs buss» tester Nordland
fylkeskommune og Bodø kommune ut autonome løysingar på krevjande vintervegar.
Det vil gi nyttig kunnskap for kollektivselskap over heile landet, seier
samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Prosjektet er ein del av Smartere
transport Bodø, som no får utbetalt nye midlar.
–
Transporttilhøva i Nord-Noreg er meir krevjande enn i mange andre delar av
landet, og eg synes det er svært interessant at vi nå får høve til å teste ut
autonome løysingar i vinterdrift, seier samferdselsministeren. - Eg har og merka meg at
delprosjektet «Førerløs Buss» truleg er den nordlegaste sjølvkøyrande
bussruta i verda, og at prosjektet er nominert til det mest innovative
mobilitetsprosjekt på konferansen «Smart City Expo World Congress», som finn
stad i Barcelona i november, seier samferdselsministeren. Digitalisering, automatisering
og elektrifisering Transportsektoren har over
fleire år gått i gjennom store endringar. Digitalisering, automatisering og
elektrifisering har endra korleis vi planlegg, betaler og gjennomfører
reiser. Nordland fylkeskommune og
Smartere transport Bodø mottek tilskott frå Samferdselsdepartementet til
mellom anna delprosjektet «førerløs buss». Gjennom prosjektet vert
sjølvkøyrande bussar testa i ordinær trafikk i Bodø. Smartare transport Bodø – ein
av fem vinnarar Konkurransen Smartere transport
i Noreg vart lansert i 2017, og da vart fem fylkeskommunale prosjekt plukka
ut som vinnarar. Nordland fylkeskommune og prosjektet Smartare transport Bodø
var blant desse. Siste år for utbetaling vil vere i 2023. |