Årets viktigaste anleggsmesse
Dyrsku’n har utvikla seg til ein viktig møteplass for entreprenørar. Ved å samle anleggsmessa på ein stad, har det òg blitt meir oversiktleg.
Tekst: Aina Kristiansen • Foto: Guro Mæland og Jørn Søderholm
Jørn C. Evensen i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) betraktar Dyrsku’n som landets største anleggsmesse, med unntak av Vei og Anlegg på Hellerudsletta, ei messe som vert arrangert kvart tredje år.
Regionsjefen for Region Sørøst, som betjener Vestfold, Telemark og Buskerud, har sett ei stor utvikling på Dyrsku’n dei siste åra.
– På mange måtar er Dyrsku’n ein møteplass for entreprenørar. Det er jau mange entreprenørar som og er bønder.
– Positivt å samlast.
– Vi syns det har vore positivt at dei har samla alt som har med anlegg å gjere på det nye området. Det er meir oversikteleg nå, seier han.
MEF har vært fast deltakar på Dyrsku’n i flere tiår, og Evensen har sjølv delteke i alle sine 20 år i MEF.
– «Alle» veit at vi er her og kor vi er, seier Evensen.
Viktig for rekrutteringa
Evensen forklarer at MEF og har med seg Opplæringskontoret for anleggs- og bergfagene (OKAB) og fleire vidaregående skular. Han trekk spesielt fram Nome videregående skole avdeling Lunde, som står for den vidaregående utdanninga i Telemark.
Elever, lærlinger og unge som er nysgjerrige på bransjen og vil vita meir om korleis dei kan få fagbrev og bli anleggsarbeider tar gjerne turen innom standen for å lære meir.
Vil vera synlege for medlemmene
Kvart år kjem det medlemmer innom for å slå av ein prat eller spørre om noko dei lurar på. Det set Evensen pris på.
– For oss er det ein veldig fin arena å vise oss fram og vera synlege på. Dei fleste som kjem innom er nok medlemmer i forbundet, men det er alltid nokon slengerar, kanskje nokon som har starta opp nyleg, seier regionsjef Evensen.
– Det er ein veldig sosial samlingsstad.